Sist oppdatert:
23.03.2011

Copyright © 2008
All Rights Reserved.
Myking Bygdelag,
Trivselgrenda

                 
                                         

      Hyggelege butikk medarbeidarar                                                                      

Butikken på Myking

        Heilt sidan midten på 1800 talet har det vore butikk og postdrift på Myking. Telefonen kom ikkje før rundt 1920. Så         lenge sjøen var viktigaste ferdselsveg, låg butikken på kaien på Mykinghella. Den vart dreven av familien Fredriksen.

        Etter at bilen overtok som framkomstmiddel, blei butikken flytta til knutepunktet ved kyrkja og skulen – Mykingkrysset .           Butikken blei overteken av Nils Sævrås på slutten av 60-talet og sidan hans arvingar, og etter ei tid blei sjølve         butikkdrifta overlate til andre.
         
        Året 2007 markerte ein ny milepæl i butikkens historie. Dette året stifta Mykingbygdas innbyggjarar og støttespelarar         andelslaget Mykingkrysset BA. Andelslaget kjøpte butikkbygget, men i januar 2009 vart butikkdrifta avvikla.

         Ønskje om nærbutikk i bygda var stort, så bygdefolket skaffa eigenkapital til ny drift i form av lån og gåver. 17. juni 2009          var det igjen drift i butikken som nå heiter Myking Handel AS. Dagleg leiar er Kari Buene Jordal som er ei triveleg og          imøtekommande dame med lang erfaring.

         Dagens nærbutikk på Myking er ein lys og trivelig butikk med godt vareutvalg, kor du finner det meste av det du treng for          dine daglege og ukentlege innkjøp av daglegvarer . Servicen er fortsatt av det gode gammaldagse slaget, betjeninga er          vennleg og hjelpsam. Varene kan fortsatt kjørast heim til deg kvar fredag, om du ynskjer det.

Våre åpningstider er:

Man-fred: kl 09.00 - 18.00

Lørd : kl 09.00 – 15.00

Nærbutikken på Myking er til for deg!